Eit nytt skuleår er godt i gang (-veldig godt i gang…) og vi har no endeleg tilgang til elevbloggen! Vi er ferdige med haustsemesteret og har starta med friskt mot på vårsemesteret. Ganske vemodig å tenke på i grunn, halve året er alt over. Det opplevast eigentleg litt urettferdig, at det går så fort, altså. Men det betyr vel at vi har det godt og at vi trivs på skulen.
Vi er eit ganske lite kull i år, vi er no 12 elevar, men til gjengjeld er kvaliteten (-og snittalderen…) ganske høg! Vi er 4 over 30 år og 2 under 20, så det er ikkje noko å utsetje på erfaringskompetansen i gjengen!
Dette året har til no vore fantastisk, merkeleg, interessant, fullt av openberring inn i Guds ord, rikt velsigna… Vi er fulle av forventning til siste del, spente på kva Gud har i tankane for oss!
Vi er delt i to team i innanlandspraksis og er ferdige med to av tre helger. “Ungdommane” reiser til Skien og siste teamhelg i neste veke, medan “dei gamle” som vi så fint blir kalla, skal ha siste helga vår på Askøy. Skien-teamet får svare for seg, men vi som skal til Askøy gler oss til å vere saman med den fantastiske gjengen der ute igjen. Vi skal vere på Kleppestø senter og dele ut gratis vaflar på fredag 3. og laurdag 4. februar, forresten, mellom kl 13 og 15 begge dagane. I tillegg skal vi på skulebesøk på vidaregåande på torsdag, ha ei samling for ungdommar (ja, vi får til det sjølv om den yngste av oss er 25 år!). På søndag er det gudsteneste på Askøy, og det er på ein måte “offisiell avslutning” for vårt engasjement der ute. Ganske merkeleg å starte med avslutningar alt no, men for vår del er jo Askøy ganske nær avstandsmessig…
Rapportar frå praksishelgene kan de forvente å lese her innan rimeleg tid etter avslutta helg.








