Skrevet av Norleif Askeland
Tysdag 10. mai
I dag er det tirsdag alt og helga som var, har alt kome eit lite stykke unna. Teamet vårt har vore i La Paz saman med lovsangsteamet frå Cochabamba og hatt ein kjememessig konsert på ein nedlagd bensinstasjon der. Hundrevis av menneske var samla og det skjedde veldig mange gode ting, både på konserten og på møtet dagen etterpå. No er gjengen på tur til Titicaca, så dei er ikkje komne att enno. Derfor kjenner eg ikkje detaljane i ting, men vi veit at veldig mange menneske koma til tru på Jesus og mange har blitt bedt for og opplevd å møta Gud på ulike område. Liv vert forandra ved Guds kraft. Eg får koma tilbake med nærare opplysningar om dette når dei føreligg.
Eg og Bente var i Punata på søndagen og i sentralmenigheten i Cochabamba om kvelden. I Punata var det ei flott samling, der meir enn 30 barn, pynta i sin finaste stas, leia an i lovprisning til akkomapgnement frå ein CD-spelar. Dei var utruleg flinke og gav oss den varmaste velkomst vi kunne fått, glade barn i takk til Gud. Menigheten her har vakse mykje sidan sist, og livet her er så ekte at det er rett og slett ein fryd. Edson og familien gjer ein kjempejobb i å leia arbeidet her. No skal dei endeleg få seg ein bil til hjelp i arbeidet. Vener og forsamlingar i Norge, har vore med å gitt pengar til dette, og vi har fått inn det vi treng til å skaffa familien ein bra bil.
Etter møtet grilla vi utanføre og hadde middag saman. Kukjøt, poteter og salat. Eit lite badebasseng i plast var sett opp i gardsrommet fordi det skulle vera dåp. To jenter vart døypte-først. Men i det fellesskapet som var der og i atmosfæren av Guds liv, vart det slik at fleire av dei som ikkje var døypte vart overtydd om at dette var dagen. Fem stykke let seg døypa, nokre av dei i dei kleda dei gjekk og stod i. Varmt var det, så det gjekk nok bra. Barna som stod rundt hadde veldig lyst til å skvetta vatn på dei som var uti bassenget, men held seg i skinnet i lengste laget. Men då David sa: “Kvifor ikkje skvetta på pastoren”, tok det mindre enn halvsekundet før dei reagerte og dynka pastor Edson med vatn. Det viser kor nært han står dei. Han tok det heile med glede, og måtte ut i bassenget endå ein gong då ei av dei fem som tok imot Jesus same dagen ville verta døypt med ein gong. Eg og Bente opplevde ein fantastisk dag med liv, glede, fellesskap, frelse, dåp og alt som høyrer med. Dette er menighet!!
På kvelden hadde vi god samling i sentralmenigheten der nokre barn synte fram drama frå bibelhistoria (bilete over) I går var det seks sesjonar på bibelskulen for min del. No ser eg fram til å få teamet heimatt frå Copocabana ved Titicaca-sjøen, og for alt det eg veit, frå Peru, som berre er ein times båtreis unna. Dagen i dag, har vore litt rolegare førebels. Eg har skrive ein artikkel til bladet FOLK, og treng litt tid til førebuing for morgondagen, elles er det berre eit møte med nokre leiarar i ettermiddag. Nye meldingar kjem etterkvart. Vi set veldig pris på all forbøn og treng det mykje. Be også om ei trygg reise for teamet tilbake hit til Cochabamba.