Skrevet av Norleif Askeland
Laurdag 7. mai
Det har gått eit par dagar utan særleg oppdatering på bloggen. Men mange gode ting har skjedd likevel. Seint fredag kveld (i går), reiste heile teamet saman med lovsangsgruppa i sentralmenigheten til La Paz. Dei hadde eigen buss og no i dag tidleg har vi fått rapport at dei har kome fram og at turen har vore veldig god. I kveld skal dei ha stor lovsangskonsert ute på torget i La Paz. Ein reknar med at hundrevis av menneske vil vera der å høyra på, og at mange vil ta imot Jesus. På søndagsmorgonen er det teamet vårt som ansvaret for det meste av møtet.
Etter helga i La Paz, skal teamet vårt vidare til Copocabana og Titicaca-sjøen for å vera litt turistar også. På ein slik tur vil dei få sjå mykje av det vakre Bolivia mot grensa til Peru. Eg og Bente er att her i Cochabamba for å vera i Punata i morgon og for å halda fram med bibelskuleundervisninga mandagsmorgon.
I går, før alle reiste, hadde teamet siste delen av si undervisning med tredjeklassen her på Rhema Bolivia. Kristian var svært dårleg i går og kunne ikkje vera med verken på bibelskulen eller på turen til La Paz, men i dag ser han ut til å vera “fit for fight” igjen, og reiser truleg til La Paz i morgon med fly, for å vera med teamet på resten av turen. Litt magetrøbbel har det vore for fleire, men ingenting har vore langvarig eller til hinder for arbeidet.
På torsdag kveld var vi i Quintanilla i Sacaba og vitja flokken der. I stummande mørke, utan gatelys gjekk vi rundt og delte ut invitasjonar til samlinga under taket på tomten vi disponerer. Enkelte tykte det var på grensa til det skumle, med mørke gater og laushundar rundt føtene. Men vi traff mange menneske som også gav respons til invitasjonen ved å møta opp. Teamet gjorde ein kjempejobb og åtte stykker tok imot Jesus som frelsar og Herre. Vi bad også for dei sjuke og sjølv om ikkje alle hadde konstante plager, var det i alle fall nokre som opplevde at dei var momentant helbreda. Vi hadde også med oss mange kilo med klede kvar, som no delvis er delt ut til dei som treng det aller mest. Resten vil bli delt ut til dei familiane som både er trengjande og som har barn som kleda passar til.
Teamet har arbeida hardt med praktisk arbeid i Cruze Center for å klargjera endå meir for den vidare drifta av matprogrammet og det sosiale hjelpearbeidet for vanskelegstilte born. I går hadde dei siste økta der og Viktor som leiar arbeidet og menigheten i Cruze gjev studentane kreditt for godt og effektivt arbeid. Det er lett å ha med eit så godt tema å gjera, der alle yter og har fokus. Av og til krøllar det seg litt med kommunikasjonen, for her går det på norsk og svensk, engelsk og spansk. Men at ikkje alle får alt med seg alltid, tek vi med eit smil. På ein eller annan måte får vi alltid gjort det vi skal likevel. Gud er god.